Når kroppen er det første i det teoretiske og analytiske arbeidet mitt, kan barns relasjonar lesast på meir komplekse og forskjellige måtar enn tidlegare forsking på feltet har gjort. I diskusjonen knytt til kropp og kompleksitet tar eg i bruk eit filosofisk omgrepsapparat frå Colebrook, Deleuze, Foucault og Grosz.
Fysiske og sosiale forskjellar mellom barn i same alder utfordrar diskursar om barndom, sosialt kjønn, alder og etnisitet. Analyserer av kva ein kropp kan gjere vert lese i forhold til kva kroppen produserer av kunnskap og makt i dei relasjonane den er i, ut frå eit etnografisk blikk.
I analysedelen brukar eg omgrepa materielle-diskursive praksisar og subjektivitet for å analysere fram ulike fysiske prosessar og posisjonar av kropplig tempo, energi og lyd.
Tema leik, gråt og mat er gjenstand for mitt forskarblikk der materialiseringsprosessar vert lese i forhold til tid og rom i barnehagen.
Hovudrettleiar: Professor Randi Dyblie, Norsk Senter for Barneforskning
Birettleiarr: Professor Jeanette Rhedding-Jones, Oslo University College
Projektperiode: Oktober 2005 – mars 2010
Finansiering: Høgskolen i Vestfold, Barnehagesentereret
Høgskolen i Vestfold, Postboks 2243, N-3103 Tønsberg. Telefon: 33 03 10 00 Fax: 33 03 11 00
E-post: postmottak@hive.no Web: www.hive.no
Annen kontaktinformasjon
Abonner på nyheter fra www.hive.no