
Både Kvalitetsreformen for høgare utdanning og Kunnskapsløftet legg vekt på skriving som verktøy for læring i alle fag. Dette gjeld både fagskriving og reflekterande skriving. Det er nødvendig å få meir kunnskap om kva verknad bruken av læringsressursar har på dei ulike typane skriving. Vi refererer her til eit breitt spekter av ressursar: trykte og digitale, skriftlege og muntlege, herunder rettleiing frå lærarar, og anna studentane brukar som verktøy for læring.
Prosjektet Læringsressursar og skriving i tekstkulturar i utdanningane (Engelsk tittel:Learning resources and writing in educational textual cultures) vil utforske eigenskapar ved og bruk av fagleg og reflekterande skriving i vidaregåande skule og lærarutdanning. Skriving og tekstlige kulturar ser ut til å vere ulike avhengig av tema: til dømes antar vi at naturvitskap avvik frå humaniora. Vårt prosjekt vil bruke case-studiar frå relevante fag for å undersøkje korleis og kor effektivt dei ulike læringsressursane vert brukte skriftleg i gitte grupper av studenter. Om prosjektet på engelsk/ About the research project in English.
Høgskolen i Vestfold, Postboks 2243, N-3103 Tønsberg. Telefon: 33 03 10 00 Fax: 33 03 11 00
E-post: postmottak@hive.no Web: www.hive.no
Annen kontaktinformasjon
Abonner på nyheter fra www.hive.no