Prosjektet vil analysere boka Bokhandleren i Kabul. Et familiedrama av Åsne Seierstad (2002) med fokus på korleis teksten etablerer og eventuelt raserer ein kontrakt med lesaren om formidling av dokumentarisk sanning. Tekstsjangeren vert drøfta i samanheng med sjangrane roman, dokumentarroman og nyjournalistikk. Teksten vert sett i kontekst av resepsjon og aktuell debatt kring etikk og sakprosa. Prosjektet vil granske korleis diskursen er med på å etablere, og eventuelt rasere, sanningskontrakten i teksten. Prosjektet vil ha eit gjennomgåande kjønnsperspektiv.
Seierstads verk om bokhandlaren i Kabul er ei vidt spreidd norsk faglitterær utgjeving som stadig utfordrar sakprosafeltet når det gjeld sjanger, orientalisme, resepsjon og etikk og kjønn. Boka vekkjer debatt, særleg i forhold som gjeld ytringsfridom og kjeldebruk i sakprosa.
Doktorgradsprosjektet blir rettleia av førsteamanuensis Elisabeth Oxfeldt ved Universitet i Oslo og førsteamanuensis Norunn Askeland, Høgskolen i Vestfold, og er ferdig våren 2014.
Høgskolen i Vestfold, Postboks 2243, N-3103 Tønsberg. Telefon: 33 03 10 00 Fax: 33 03 11 00
E-post: postmottak@hive.no Web: www.hive.no
Annen kontaktinformasjon
Abonner på nyheter fra www.hive.no