Dette seier Anita Norli om prosjektet sitt.
Vidare seier ho:
Utgangspunktet og hovedfokus for undersøkinga vil vere på den delen av befolkninga som var arbeidarar ved greven sitt jernverk og sagbruk. Det eksisterer faste førestellingar om korleis bondekulturen var og korleis elitekulturen var i tidleg nytid. Eg vil undersøke om vi kan seie at det i einskilde samfunn, som det i Larvik, også fantest ein gryande arbeidarkultur. Tanken er å forsøke å sjå lokalsamfunnet frå arbeidarane sin synsvinkel, og om mogleg teikne konturar av ein ”protoindustriell arbeidarkultur og -klasse”.
Under 10% av folkesetnaden i Vestfold bodde i by eller tettstad i 1665, og i forhold til landet elles var ein stor andel av fylket dyrka mark. Opprettinga av grevskapet skapte ekstra godt grunnlag for framveksten av bysamfunnet parallelt med industriutviklinga i Hammerdalen. Undersøkinga vil handle om denne overgangen frå bondesamfunn til tidleg industrisamfunn i tilknyting til eit byområde, i eit sosialhistorisk perspektiv.
Det gjekk føre seg ein ”siviliserings- og disiplineringsprosess” i Norden i tidsrommet ca. 1550-1750, mellom anna gjennom at rettsapparatet blei bygd ut og systematisert. Eg vil undersøke i kva for grad dette hadde innverknad på situasjonen til arbeidarane i Larvik, som var under grevskapet sin jurisdiksjon.
Ho vil kaste lys over temaet gjennom fem underpunkt:
Samansettinga av arbeidsstokken
Arbeidarane i bedriftshierarkiet. Bedriftskulturen
Arbeidarane sin sosiale status i samfunnet
Arbeidarane sin rettssikkerheit
Arbeidarane si helse og livstilhøve
Høgskolen i Vestfold, Postboks 2243, N-3103 Tønsberg. Telefon: 33 03 10 00 Fax: 33 03 11 00
E-post: postmottak@hive.no Web: www.hive.no
Annen kontaktinformasjon
Abonner på nyheter fra www.hive.no