Den retoriske diskursen som ver skapt er ofte både intern, som kommunikasjon mellom aktørane, og offentleg i eit forsøk på å definere framtida for staden overfor ei breiare brukargruppe.
Den offentlige kommunikasjonen går i dag primært føre seg på nettsider, med utprega bruk av visuelle framstillingsformer. Doktorgradsprosjektet vil belyse korleis stadutvikling formar ein gjentakande type situasjon med særskilte retoriske vilkår, ein situasjon som kan analyserast som en sjanger.
Prosjektet har dermed som mål å få fram kunnskap om korleis stadutviklingsprosjekt formar retoriske situasjonar, retoriske diskursar og retoriske sjangrar på nettstader. Denne kunnskapen skal søkast gjennom analyser av utviklingsprosjekt sine heimesider og gjennom å bruke teoriar om retorisk situasjon, retorisk sjangerteori, visuell retorikk og sosialsemiotiske studiar av multimodalitet.
For å legge grunnlaget for å forstå stadutviklingstekstane sin retoriske situasjon og tekstuelle kontekst skal avhandlingsarbeidet ta utgangspunkt dybdeanalysar av eit konkret tilfelle (case study), nemleg stadutviklingsprosjektet ”Hammerdalen” i Larvik, som blei sett i gang i 2007 med ein planlagt avslutning i 2010.
Innsiktene frå tilfellestudien skal bringast vidare i en komparativ studie med andre nettstader ein kan samanlikne med for å utvikle abduktive hypotesar om kva som kjenneteiknar retorikk og sjanger, og når den retoriske diskursen er ”vellukka” i retorisk forstand
Høgskolen i Vestfold, Postboks 2243, N-3103 Tønsberg. Telefon: 33 03 10 00 Fax: 33 03 11 00
E-post: postmottak@hive.no Web: www.hive.no
Annen kontaktinformasjon
Abonner på nyheter fra www.hive.no