-IARTEM er ikkje dominert av engelsktalande land. Miljøet er samansett, på siste konferanse i Kaunas i Litauen var det vel femti deltakarar frå alle kontinent. Det gir eit breitt og stablit kontaktnett blant forskarar på læremiddelfeltet.
Ommund Vareberg er høgskulelektor og Ph.d.student i pedagogiske tekstar ved Høgskulen i Vestfold. Han meiner at styret må arbeide for å halde oppe den internasjonale profilen.
- Vi har snakka om å innføre graderte konferanseavgifter slik at det skal bli lettare for lokale forskarar å delta. Dette må også gjelde ph.d.kurs som vert arrangert i samband med konferansar.
IARTEM arrangerer store internasjonale konferansar kvart andre år, og mindre regionale konferansar anna kvart år.Ommund Vareberg forskar på lærebøker og digitale læremiddel i sitt doktorgradsprosjekt, og han fann særleg to konferanseinnlegg nyttige og interessante i Litauen i haust.
- Den eine var eit prosjekt frå Australia, som visepresident Mike Horsely orienterte om. I Australia har lærarane brukt lite lærebøker i klassen. Tanken har vore at gode lærarar lagar sine eigne læremiddel ved å kopiere frå dei få bøkene skulen har kjøpt inn. No vil styresmaktene at undervisninga skal digitaliserast, og dei har satsa sterkt ved å gi hustandar breiband og bærbar pc til elevar i vidaregåande.
Gjennom IARTEM får Ommund Vareberg også høve til å følge den digitale læremiddelutviklinga i Frankrike.
- Professor Eric Bruillard, som også sit i styret, fortalte at deling av lærarskapte digitale læremiddel hadde slått bra an. Desse vart brukte i mykje større grad enn andre digitale ressursar.
Professor Susanne Knudsen ved Senter for pedagogiske tekster ved Høgkulen i Vestfold er president i IARTEM.
Les meir om IARTEM, tidsskrift og publikasjonar her: http://www.iartem.no/
Høgskolen i Vestfold, Postboks 2243, N-3103 Tønsberg. Telefon: 33 03 10 00 Fax: 33 03 11 00
E-post: postmottak@hive.no Web: www.hive.no
Annen kontaktinformasjon
Abonner på nyheter fra www.hive.no